"Mitt univers"(16 år)
"Hei", seier du. Den mørke røysta legg skumring om alt. Skumring fylt med ein roleg, herleg bris som pustar varsamt gjennom meg. Men eit ord frå meg og det er brott borte og gløymt. Eg ser meg sjølv, så på deg. Speilet ovanfor ler mot meg, om og om igjen. Men aldri på din måte! Aldri slik eg ser du le i samtale med andre. Din hese røyst rundar seg av til ein varm gledande latter. Om noen hadde visst. Mine kjensler tvinnar seg rundt kvarandre, i håp om at ingen skal sjå ho. Den lille kjensla som no er i ferd med å vakse seg stor og overdøyve dei andre. Ho er fylt med deg! Men kva eg enn gjør, kor mykje eg enn prøver, kan eg ikkje vere anna enn eg. Kjensla rusar gjennom meg som eit steinras. Den skjer og riv i sjela, lysstikk skytes rundt men vil ikkje ut. Dei andre kjempar imot, utan min hjelp. Eg skjønar ikkje! Om eg jagar dei andre kjenslene ut, kva vil vera att? -Ho?
|