Dette er nynorskstil fra 25.10.2000 (18år) Kan dette kallast framtid? Små lynanfall stikk i hovudet. Øra vrir seg i fullstendig smerte. Kor mykje eg enn kjempar imot, blir slaga hardare og hardare. Dei stirrande, tørre auga blir fylte med noe som kjennst som tårer. Men tårer kan det ikkje vere! Eg gret jo aldri. Jernstengenes kvasse kantar innimellom havets mjuke dønningar. Slik bølgjer håret seg nedover skuldra. Sløve rolige auge slår kontrastar mot skinnbeinas fryktingytande uttrykk. Blikket hans gjennomtrengjer mitt, mens gangen med dei høge hælane forlenger hans skimrande vesen. Raut blod sirklande rundt himlens regnbue. Somme tider gjennomført, somme tider ikkje. Som ein strøm av biller i eit boblebad av farger. Dei knuses brutalt, og munnen fylles med ei osande, sløvande lukt følgt av ein smak som overgår all forventning. Det vrenger seg i magen, i brystet, oppover halsen. Noe vil ut, men blir inne. Eg slår bort tallerkenen og spring opp frå bordet. Dei frys eit sekund, midt i ei handling, og sjår på meg. Som om EG er den rare her. Noen dansar, noen et, noen kysser. Med munnane som limt rører kroppane seg etter musikken. Alle med ein partnar. Som om alle vore ein. Men i eit hjørne sit ei jente. Auga hennes er fastna framfor henne. Fastna i det endeløyse. Røyken i rommet er enno ikkje nådd henne, og kjem aldri til å gjere det. Hovudet hennes er lagt på skakke, kvilande, men stivt. Armane ligg lik bånd som held henne saman, knytte i raseriet fang. Disen ligg som ei hinne på alle auga, og påverkar stemninga i alle blikk. Dei kvelande, heite menneska får oppstøyt til å gå gjennom kroppen min. Ein ser mot meg. Ein av dei. Blikka våre flettar seg rundt kvarandre så eg ikkje kjem laus. Alt er fastna. Dansinga, musikken, menneska. Alle er utanfor mi rekkevidde, og hans.
|